Når eg vert gamal ønsker eg ikkje å bli møtt med teknologi som passar på meg, men med levande mennesker. Heller ikkje med ansatte som heseblesande må skynde seg vidare for å rekke neste oppdrag. Eg ønskar kvalitet, og ansatte som har tid til å gjera jobben.
Min far var heldig som var på ein liten eldreheim den siste tida han levde. Eg fekk høyra av mennesker som kjente til det, at den heimen var mykje bedre enn den større heimen i kommunesenteret. Dette har eg opplevd mange gongar, også andre plassar enn i eldreomsorga, at mindre einingar har høgare kvalitet enn større einingar.
Ein gong åt eg middag på ein eldreheim, og eg må dessverre seia at maten smakte dårleg. Det gjer vondt å seia det, for det er ikkje slik vi skal snakke om maten i ei verd der folk svelt.
Det forundrar meg at samfunnet ikkje har nok personale når eldrebølga slår inn. Vi har hatt god oversikt over eldrebølga i fleire tiår. Det har ikkje mangla på søknader til sjukepleiar- og legestudiet, men mange har ikkje kome inn på grunn av harde krav. Det er heller ikkje sikkert at dei som har dei beste karakterane i teoretiske fag, vert dei beste sjukepleiarane og legane i praksis.