Her kan du skrive en melding som vil vises for alle på KristenDate.no.
Skriv Skriv her Skriv i megafonen

Forum > Fritid > Debatt

Svegul
Opprettet 03.04.2022 av Svegul, mann, 66 år, Vest-Agder.
Ensomhetens århundre
For ei tid sidan kjøpte eg boka "Ensomhetens århundre" av Noreema Hertz. Den gjorde djupt inntrykk på meg, og eg forstod at dei observasjonane om einsemd som eg hadde gjort meg ikkje var heilt feil. Tre av fem amerikanere reknar seg som einsame. Norge er eit av dei landa i verda der flest bur åleine. Ho skriv bl.a. om automatisering, framandgjering, digitalisering og sosiale medier. Boka er på ca. 270 sider, og eg anbefaler den til dei som er interessert i emnet. Riktignok vil ikkje alle vera einig i alt, men det er, etter mi meining, berre godt med nye synsvinklar og tankar.

Her er nokre situasjoner eg sjølv har opplevd. På ei gjennomreise for ei tid sidan stansa eg i Sandnes og brukte tida til å sjå meg om. Eg gjekk inn på kinoen for å ta ein kikk. Der var det heilt dødt, ingen mennesker og berre automatar. Det verka kaldt og lite triveleg. Kor er mennesket blitt av? Ein gong tok eg ei ferge i Møre og Romsdal. Eg høyrde to menn som snakka saman om at dei savna cafeen med betjening. Det var berre automatar der. Som den eine sa: "Det var mykje koselegare før når det var betjening". Eit tredje døme er Åndalsnes jernbanestasjon. For 40 år sidan då eg tok toget derifrå, var det ekspedisjon, Narvesen kiosk og cafe. Rundt omkring hang det stadig ungdomar. Det var eit sydande liv. I dag er alt dette borte og det er lite liv der. Heller ingen ungdomar å sjå. Kanskje sit dei på rommet sitt med nasen i skjermen?

Eg vil gjerne høyre andre sine tankar om dette. Eg opplever samfunnet i dag som fattigare, om ikkje økonomisk, så i alle fall menneskeleg og sosialt.

Svar på innlegg

HÅKON L
#1. Postet 03.04.2022 av HÅKON L
Når jeg studerte pleide jeg pendle fra huset til togstasjonen og derfra ca. 1time til Oslo. Om en ikke selv prøver å hilse på folk og starte en samtale så er det nesten ingen om ingen som samtaler med en, og en må reise i ensomhet, gjerne med nesa vendt mot en bok, eller en skjerm, hvor en ikke har kontakt med mennesker. Enkelt mennesker ser ut som de er ivrige etter en samtale inntil du ser den lille hvite bluetooth øreproppen og du skjønner at de er i en telefonsamtale.

Det hendte en sjelden gang at en faktisk fikk til samtale med noen, og da følte jeg at hverdagen ble mer meningsfull.
Her kan du skrive en melding som vil vises for alle på KristenDate.no.
Skriv Skriv her Skriv i megafonen
annonseRadio 3:16