For mange år sidan satt eg på bussen i Bergen. Det gjekk på nokre pensjonistar. To eldre damer satte seg rett bak meg. Eg høyrde at den eine sa om ei venninne at ho var så bunden for ho hadde ein mann som var så skrøpeleg medan ho var sprek. Han var 14 år eldre enn henne. Då svarte ho andre: "Ein merkar det når ein vert eldre, men dei tenker ikkje på det når dei er unge og forelska."
Ei god innstilling er å gå inn for å vera ein god ektemann for kona. Det er viktig å tenke på den andre. Jesus sa at det er større å gje enn å få. Viss eg gifter meg, vil eg at ho skal få ein mann, ikkje ein "pleiepasient".