I politikken er det kamp, akkurat som når Vålerengen og Rosenborg spelar fotballkamp. Det gjeld å demme opp slik at ein ikkje vert takla, men samtidig lure den andre med tricks og driblingar. Ein kamerat av meg som hadde vore på eit Nei til EU møte i 1994 sa at ein Stortingsrepresentant hadde fått spørsmål om det ikkje også var fordelar med EU. Han svara at det var det, men det kunne han ikkje seia for det ville bli utnytta. Ein politikar må heile tida tenke på formuleringane. Ved ei einaste uheldig setning, så er pressa og politiske motstandarar der med ein gong for å utnytte det retorisk.
Vi har akkurat det same prinsippet i salg og markedsføring. Dei er trent opp til alltid å ha eit markedsføringsmessig korrekt svar på alle innvendingar. I salg og markedsføring er akkurat dette produktet svært godt til ein veldig billeg pris. Også i politikken er akkurat den politikarens meining den rette.