Eg lurar på: Kva er galt med å like ein eldre stil bedre enn ein nyare? Sjølv likar eg artistar som B.B.King, J.J.Cale og Ry Cooder. Likar Sørstatsrock (t.d. The Allman Brothers Band, Lynyrd Skynyrd), blues og den gamle countrymusikken. Min smak er at 60- og 70-tallet hadde bedre musikk enn den moderne. Mennesker er forskjellige og det må vi få lov til å vera. Viss eg finn meg ei dame treng ho ikkje å ha min musikksmak, eller ho kan ha andre politiske meiningar enn meg for eg trur ikkje at eg har rett i alt. Eg vil vera like glad i ho uansett.
For ei stund sidan helste eg på ein mann i ca. 50åra som hadde funne seg ei dame. Han var ein såkalla Harry-type. Såg ut som (bl.a. sveisen) typen som likar veteranbilar og Elvis. Han sa at Johnny Cash var kongen. Men han hadde fått seg dame likevel. Det er fint at mennesker kan vera forskjellig og vera seg sjølv. Eg likar iallefall ikkje å spela ein annan enn den eg er.